Hovedside - Administrasjon - Vedtekter - Forretningsreglar - Linker
Minstepriser - Gjennomsnittspriser - Ukestatistikk
Siste leveranser - Dagens salg


FORRETNINGSREGLAR FOR VEST-NORGES FIKESALSLAG

Forretningsregler ajourført og trådt i kraft pr. 01.08.2004.


§1 LEVERING AV FANGST

All fangst som blir ført i land i Sogn og Fjordane og Hordaland fylke for omsetning, må kun leverast til kjøparar godkjende av salslaget. Fangsten skal førast på Salslagets sluttsetlar.

§ 2 SAL OVER AUKSJON/AUKSJONSDISTRIKT

Laget er delt inn i 5 auksjonsdistrikt - Sunnhordland, Nordhordland, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Alle fangstar over 10 tonn fisk pliktar fiskar å melde inn til Salslaget sitt kontor i Måløy for sal til høgst betalande kjøpar.

Fiskar kan også melde inn på auksjon fangstar under 10 tonn dersom ein ønskjer dette. Ved innmelding må fiskar avtale med Salslaget i kva for eit distrikt han ønskjer fangsten seld, samt om fangsten er meldt inn for sal i andre salslag. Fangsten må, dersom dette er mogeleg, meldast inn seinast kl. 12.00 dagen før levering. Sortering etter fiskeart og størrelse skal ein oppgje ved innmelding.

Fiskar kan melde fangsten inn for sal i fleire auksjonsdistrikt, samt i andre salslag, men har plikt til å levere fangsten til høgst betalande kjøpar i det auksjonsdistrikt/salslag som fangsten er meldt inn til. Styret fastset til ei kvar tid salsvilkår og retningsliner for den praktiske gjennomføringa av auksjonen.

§ 3 INNMELDING AV LEVANDE FISK

Levande fisk låssett i laget sitt distrikt skal meldast inn til laget sitt kontor i Måløy. Ved innmelding må fiskar oppgje låssettingsstad og tidspunkt, samt etter beste skjøn størrelse på fisken. Salslaget skal syte for sal til godkjent kjøpar. Opptak skal i størst mogeleg grad gå etter tørn basert på innmelding, men det skal takast praktiske omsyn.

§ 4 SAL AV FANGST PÅ FØREHAND

Sal av fangst på førehand til godkjent kjøpar, må godkjennast av Salslaget som skriv kontrakt. Avtale om sal på førehand (kontrakt) kan gjerast for ein tur om gongen, eller for ein sesong på 3 månader. Siste frist for avtale om kontrakt er seinast 7 dagar før levering. Fiskar kan bestemme sjølv om han ønskjer å auksjonere kontrakten.

§ 5 DISPENSASJON FRÅ KRAV TIL LEVERING

Dispensasjon for levering av fangst i utlandet kan gjevast under føresetnad om at følgjande krav vert oppfylt.

  1. Fiskar skal melde frå til Salslaget før avgang frå fiskefeltet, med opplysning om kva utanlandsk havn fangsten vil bli levert i, samt navn på utanlandsk kjøpar/auksjon.
  2. Landingssetel over levert mengde skal umiddelbart sendast til Salslaget.
Fiskarar som vil overta eigen fangst, for produksjon på landanlegg eller for eigen omsetning innanlands eller eksport, må søkje Salslaget om dispensasjon frå leveringsbestemmelsane. Vidare kan fiskarar som bur i distrikt utan fiskemottak, etter søknad gjevast dispensasjon på nærmare bestemte vilkår, for å overta eigen fangst for salg direkte til forbruker. Avslag på søknad om slike dispensasjonar kan påklagast til Fiskeridirektoratet.

§ 6 PROVISJON

Provisjon til Salslaget blir å betale med den prosentsats som representantskapet til ei kvar tid fastset, godkjent av Fiskeridepartementet.

§7 PRISFORHANDLINGAR/MINSTEPRISAR

Styret og arbeidsutvalget skal etter forhandlingar med kjøparane fastsette minsteprisar. Minsteprisane kan setjast for eit bestemt tidsrom, eller være gjeldande inntil vidare. Prisforhandlingar skal haldast når minst 2 av styret, arbeidsutvalget eller kjøparane ber om det. Salslaget sin direktør i samråd med arbeidsutvalget kan dispensere frå minsteprisane dersom omsetningssituasjonen gjer dette nødvendig.

§ 8 REGULERING AV FISKET

Styret kan, med heimel i råfisklova §§ 5 og 6, regulere eller stoppe fisket av omsetningsmessige grunnar.

§ 9 KVALITET

Salslaget skal arbeide for at det blir levert fisk av best mogeleg kvalitet. Både fiskarane og kjøparane må gjere sitt beste for at kvaliteten blir best mogeleg.

§ 10 REGISTRERTE KJØPERE

Ein kvar som vil kjøpe fisk, og som salslaget har lovbeskytta førstehandsomsetning av, må være registrert som kjøpar av Fiskeridirektoratet i samsvar med direktoratets regelverk. Som kjøp anser ein også i denne forbindelse overtaking av eigen fangst.

Kjøpar pliktar å halde seg underretta om salslaget sine prisar og bestemmelsar og gje laget alle dei oppgaver og opplysningar som finnes nødvendig av hensyn til kontrollen med at fastsette bestemmelser overholdes.

Etter registrering og godkjenning får kjøparane på bestilling tilsendt laget sine landingssetelbøker og/eller sluttsetelbøker og øvrige materiell for kjøparar. Det er forbudt å selje, låne bort, eller på annan måte stille mottatte landingssetlar og sluttsetlar til disposisjon for andre. Når fiskekjøpet innstilles eller kjøperregistreringa opphøyrer, er kjøparen forplikta til å returnere til laget restbeholdningen av landingssetlar og sluttsetlar.

§ 11 SUSPENSJON FRÅ KJØPERREGISTERET

Laget kan med øyeblikkeleg virkning treffe vedtak om suspensjon av adgangen til å stå registrert som kjøpar dersom kjøpar ikkje stiller garanti som nevnt i forskrift om registrering som kjøpar i første hand av råfisk m.v. § 3 første ledd bokstav c. Fiskeridirektoratet er klageinstans for vedtak om suspensjon.

Vedtak om suspensjon kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven kapittel VI. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er komen fram til vedkomande part. Klage på vedtak om suspensjon har ikkje oppsettjande virkning.

Vedtak om suspensjon opphøyrer frå det tidspunkt Salslaget bekrefter overfor Fiskeridirektoratet at kjøpar stiller garanti som krevd av laget.

§ 12 LANDINGSSETLAR OG SLUTTSETLAR

Godkjent kjøpar for utlevert landingssetlar og/eller sluttsetlar frå salslaget i 3 eksemplar. Kjøpar er ansvarlig for at landingssetlane og sluttsetlane ikkje blir misbrukt. Landingssetel og/eller sluttsetel skal utskrivast for kvar levering. Både kjøpar/lager og seljar skal underskrive sluttsetel eller landingssetel, som må være nøyaktig og tydeleg utfylt. Kjøpar/lager skal straks sende eit eksemplar til salslaget. Eit eksemplar skal utleverast til fiskar, og eit eksemplar beholdes av kjøpar/lager.

Skriv kjøpar/lager ut landingssetel eller sluttsetlar på laserprinter, må setlane skrivast ut i 3 eksemplar slik at kjøpar, salslaget og fiskar får kvart sitt eksemplar.

Det er ikkje tillatt å bruke andre nummerserier enn dei som er tildelt av salslaget.

§ 13 FAKTURERING

Sluttsetlane er grunnlaget for salslaget sin fakturering til kjøpar. Fakturering blir føretatt kvar veke på onsdag etter leveringsveke.

Faktura forfell til betaling 20 dager etter fakturadato. Etter forfall blir det rekna renter etter den til ein kvar tid gjeldande rentesats fastsatt av styret.
Sluttsetlar som kjem for seint til salslaget, blir renterekna frå leveringsdato.

§ 14 AVREKNING TIL FISKAR

Avrekning til fiskar blir føretatt på fredager for fangst levert føregåande veke. Oppgjer forfell til utbetaling 20 dagar etter avregningsdato. Ved for sein utsending av oppgjer har fiskar krav på renter etter den til ein kvar tid gjeldande rentesats fastsatt av styret.

§ 15 FORSKOT TIL FISKAR

Kjøpar har anledning til å betale ut inntil 80% forskot av sluttsetelens bruttobeløp til fiskar, men fiskar har ikkje noko krav på forskot. Dersom kjøpar utbetaler forskot skal beløpet førast på sluttsetelen, og separat kvittering for beløpet skal leggjast ved.

§ 16 DISPENSASJON FRÅ FORRETNINGSREGLANE

Styret kan gje dispensasjon frå dei enkelte bestemmelsane i forretningsreglane når dei ser det nødvendig, eller for å ivareta fiskarane sine interesser.

§ 17 PLIKT TIL Å KJENNE SALSLAGET SINE BESTEMMELSER

Medlemer og godkjende kjøparar pliktar å halde seg kjend med salslaget sine vedtekter, forretningsreglar og dei bestemmelser som til ein kvar tid er gitt for omsetninga.

Vedtekter og forretningsreglar m.m. er til ei kvar tid å få på salslaget sitt kontor. Misforståingar eller feil som måtte komme av manglande kjennskap til desse ting kan salslaget ikkje ta noko ansvar for.

§ 18 BROT PÅ FORRETNINGSREGLANE

Brot på forretningsreglane er i henhold til lov av 14. desember 1951 om omsetning av råfisk § 9 straffbart, det same gjeld for medverknad og forsøk.

Bryt fiskar salslaget sine forretningsreglar eller bestemmelser, kan styret sanksjonere mot han og dra inn den urettmessige vinning han har av brotet.

Hovedkontor i "Sjøhuset" (Tidl. Fiskevegnbygget) I MÅLØY
Tlf: 57 85 59 50 - Faks: 57 85 59 51 - Adr: Postboks 83 , N-6701 Måløy