Hovedside - Administrasjon - Vedtekter - Forretningsreglar - Linker
Minstepriser - Gjennomsnittspriser - Ukestatistikk
Siste leveranser - Dagens salg

 

VEDTEKTER FOR VEST-NORGES FISKESALSLAG SA

Vedteke på representantskapsmøte 11.06.87, godkjend av Fiskeridepartementet 08.10.87.

Sist endra i representantskapsmøte 19. april 2012.

Alle endringar er godkjende av Fiskeri- og Kystdepartementet 26.04.12.


§1. FIRMA

Vest-Norges Fiskesalslag SA er ein salsorganisasjon for fiskarar med avgrensa ansvar, skiftande kapital og medlemstal.

Området til laget er Sogn og Fjordane fylke og Hordaland fylke. Salslagets kontor er i Vågsøy kommune. Vernetinget er Fjordane Tingrett, Førde.

§2. FØREMÅL

Laget sitt føremål er, på forretningsmessig basis, å organisere omsetning på førstehand av viltlevande marine ressursar som fell inn under laget sitt ansvarsområde i foreskrifter gjevne i medhald av råfisklova.

Gjennom omsetninga på førstehand skal laget søkje og oppnå gode prisar, og så gode og trygge betalingsvilkår for fiskarane som råd er.

Laget kan også åleine eller saman med andre, engasjere seg i produkt- og marknadsutvikling, vidare sal, eksport eller annan verksemd for å fremje laget sitt føremål.

Engasjement utover organisert førstehandsomsetning skal i tilfelle skje gjennom eigne selskap.


§3. KAPITAL, INNTEKTER

Laget skaffar seg kapital og inntekter gjennom ei avgift, rekna av salssummen for omsett fangst gjennom laget. Årsmøtet avgjer til ei kvar tid storleiken på denne avgifta, som og må godkjennast av Fiskeri- og Kystdepartementet. Kvar medlem i laget svarer berre for si avgift.


§4. KRAV TIL LEVERING

All fangst som laget har ansvar for å førestå førstehandsomsetninga av etter råfisklova med foreskrifter skal leverast gjennom laget, eller med godkjenning av laget. Dei som har plikt til å omsette gjennom laget, har fortrinnsrett til dei omsetningssystem som laget tilbyr. Leverandørane må overhalde laget sine vedtekter og forretningsreglar, og reglar gitt i medhald av desse.

§5. MEDLEMSKAP

Alle fiskarar som bur i laget sitt distrikt, og som har levert eller meldt inn fangst til laget på eigne namn for minst 1/2G - eller ved høvedsmann - i eit av dei siste to åra, kan bli medlem av Salslaget. Utmelding av laget kan gjerast frå 31. desember i kalenderåret etter at skriftleg utmelding er motteke.

Ei utmelding kan ikkje kallast tilbake etter 2 månader frå skriftleg utmelding er motteke. Eit medlem som har meldt seg ut kan ikkje takast opp som medlem i laget igjen før 1 år etter utmeldinga er gjort gjeldande.

Utmelding av laget eller opphøyr av medlemskap gjev ikkje rett til utbetaling av nokon del av laget sine midlar.

Medlemane pliktar å gjere seg kjend med, og rette seg etter, dei føresegner som til ei kvar tid gjeld for laget.


§6. TILLITSVERV

Valbare er medlemer som oppfyller kravet til opptak i fiskarmanntalet, og som har levert eller meldt inn fangst gjennom laget for ein bruttoverdi av 1 G - eller ved høvedsmann - i eitt av dei to siste åra. Medlemer er valbare sjølv om dei som følgje av tillitsverv i fiskarane sine organisasjonar ikkje oppfyller kravet til inntekt.

Ingen kan vere meir enn anten årsmøterepresentant, medlem av styret eller medlem i kontrollnemnda. Dei som kjøper produkter av laget for vidaresal, unnateke overtaking av eigen fangst, eller som har sterke band til slik forretning kan ikkje ha tillitsverv i laget.

Ingen kan veljast eller attveljast i laget etter fylte 70 år. Medlemer har plikt til å ta imot val til laget sine ombod, men kan nekte å ta i mot attval i så lang tid som dei har fungert.

§7. LEIING AV LAGET

Laget blir leia av årsmøtet som består av 21 representantar, eit styre på 6 og eit arbeidsutval på 3 medlemer, samt ein direktør som blir tilsett av styret og godkjend av Fiskeri- og Kystdepartementet.

§8. ÅRSMØTET

Årsmøtet har høgste rådvelde i laget. I årsmøtet skal det vere 21 representantar og 42 vararepresentanter, valgt i dei ymse valdistrikt. Representantane skal veljast av og blant laget sine medlemer.
Salslaget sitt styre er valstyre. Valstyret iverkset valet og utarbeider instruks for vala, dette gjeld også reglar for førehandsrøysting.

Talet på representantar fordeler seg slik på dei ymse valdistrikt:

Nordfjord (Selje og Vågsøy) 6
Sunnfjord (Bremanger, Flora og Askvoll) 6
Sogn (Solund og Gulen) 3
Nordhordland 3
Sunnhordland 3

Årsmøterepresentantane blir valt for 4 år om gongen.
Ved val av representantar bør ein ta rimeleg omsyn til at dei ulike grupper av reiskap som skal levere gjennom Salslaget bør vere representert i årsmøtet.


§9. ÅRSMØTE

Ordinært årsmøte skal haldast kvart år før juni månad er ute. Ekstraordinært årsmøte bli halde når styre finn det turvande, eller minst 1/3 av representantane krev det skriftleg. Representantane vert kalla i hop til vanleg årsmøte av styreleiar med skriftleg varsel på minst 14 dagar. Ekstraordinært årsmøte kan kallast i hop med kortare varsel, og skal berre handsame dei saker som er nemnde i innkallinga. Med innkallinga til ordinært årsmøte skal følgje sakliste for møte, årsmelding, utskrift av rekneskapen og ei utgreiing om dei saker som skal handsamast. Medlemane i styret, kontrollnemnda og laget sin direktør skal kallast inn til møte, og dei kan ta del i drøftinga, men har ikkje røysterett. Dette i samsvar med Samvirkelova § 40.

Årsmøtet er ikkje vedtaksført utan at 2/3 av representantane er til stades.

Møter ikkje så mange, vert det kalla inn til nytt møte som er vedtaksført når minst halvparten av representantane møter.
Årsmøtet vert åpna av styreleiar eller den styret har peika ut.  Årsmøtet vel 2 møteleiarar - første og andre møteleiar, desse vert vald av og mellom representantane ved særskilt val.  
Møte vel 2 sekretærar. Det skal førast bok over førehavingar på møtet. Møteboka skal lesast opp, godkjennast og skrivast under av møteleiaren og sekretærane før møtet sluttar.


§10. RØYSTING

Kvar representant har ei røyst. Ein kan ikkje røyste med fullmakt. Når nokon krev det, skal røysting gjerast med setlar eller namneopprop. Krav om setlar går framom kravet om namneopprop. Alle saker med unntak av vedtektsendring blir avgjort med absolutt fleirtal. 
Val av ombod: Dersom absolutt fleirtal ikkje blir oppnådd ved første avrøysting, blir det halde omval mellom dei to personane som fekk flest røyster. Ved likt røystetal ved ny røysting blir valet avgjort ved lutdraging.



§11. ÅRSMØTET SINE OPPGÅVER

Årsmøtet skal ha føre:

  1. Melding frå styret og kontrollnemnda over laget si verksemd i det året som er gått.
  2. Rekneskapen for kalenderåret som er gått med melding frå kontrollnemnd og revisor.
  3. Avgjerd om korleis eit eventuelt underskot skal dekkjast.
  4. Føresegner for revisor og kontrollnemnd
  5. Val på:
  1. Styreleiar og styremedlemer med personlege varamenn.
  2. Leiar og medlemer i kontrollnemnda og deira varamenn.
  3. Medlemer i andre nemnder og utval.
  4. Revisor i samsvar med aksjelova. Laget sin revisor skal vere statsautorisert revisor.
  1. Avgjerd om godtgjersle til styret, kontrollnemnda og årsmøte må vere komne til styret    seinast 1 månad før møtet, og skal leggjast fram med styret si tilråding.


§12. STYRET

Styret for Salslaget skal ha 6 medlemer, 4 medlemer frå Sogn og Fjordane fylke, og 2 medlemer frå Hordaland fylke.

Leiar og personleg varamann for han skal veljast først ved særskilt val for eit år. Dei andre 5 medlemane skal veljast for 2 år frå så ymse grupper av reiskap og stader i laget sitt distrikt som råd er. Første året går 2 styremedlemer ut ved lutdragning, og seinare etter tur. Det same gjeld varamenn. Styret vel mellom nestleiar.


§ 13. STYREMØTE

Styremøte vert halde når styreleiar eller minst 2 av styremedlemane krev det. Laget sin direktør kan vere med på møta, men har ikkje røysterett.

Over møte skal det førast bok som skal lesast opp, og alle som møter skriv under. Styret er vedtaksført når styreleiar eller nestleiar og minst 3 andre av styret er til stades. Ved like røystetal er røysta til leiar avgjerande.


§14. STYRET SINE OPPGÅVER

Styret skal:

  1. Styre laget i samsvar med vedtektene, vedtak av årsmøte og eigne vedtak.
  2. Fastsette forretningsreglar for drift av laget.
  3. Tilsette direktør og turvande kontorhjelp. Gi føresegner for arbeidet og fastsett løna deira. Direktøren skal godkjennast av vedkommande departement.
  4. Avgjere kven som skal forplikte laget med underskrifta si, og gje prokura.
  5. Syte for turvande og trygg rekneskapsføring.
  6. Ta avgjerd i andre saker enn dei som er nemnde i vedtektene og forretningsreglane. Søkje samarbeid med andre lag når tilhøva gjer det turvande. Slike saker med alle opplysningar skal leggjast fram for årsmøte så snart det er høve til det.
  7. Elles arbeide så godt det kan for laget sin tarv.
  8. Fastsette tid og stad for neste ordinære årsmøte.
  9. Styret har rett til å ta andre avgjerder enn dei som i følgje vedtektene og årsmøtet`s vedtak ligg til styret. Vilkåret for det er at saka hastar, og det anten ikkje er mogleg å leggje saka fram for årsmøtet, eller at det vil føre til uheldig tidsspille eller urimelege kostnader. Melding om slike saker med opplysning av grunnen, skal leggjast fram for første årsmøte.


§15. ARBEIDS- OG RÅDFØRINGSUTVAL

Styret kan mellom seg velje eit arbeidsutval med leiaren og 2 styremedlemar, som medlemer for eitt år om gongen. Dette utvalet har makt til å ta avgjerd på vegne av styret. Styret set opp føresegner for utvalet. Over møte skal utvalet føre bok som og direktøren skriv under.
§16. KONTROLLNEMND OG OFFENTLEG KONTROLLØR

Laget skal ha ei kontrollnemnd som med leiar og 2 medlemer som vert vald av årsmøtet. Kontrollnemnda skal kontrollere rekneskapen, føre tilsyn med dei disposisjonar som styret og rådføringsutvalet gjer, og skal ha føre klagemål som medlemane kjem med. Kontrollnemnda er samstundes desisjonsnemnd.

Fiskeri- og Kystdepartementet skal ha høve til å nemne opp ein offentleg kontrollør som skal lønast av Salslaget. Kontrolløren si løn vert fastsett av departementet.

§ 17 ANVENDELSE AV ÅRSOVERSKOT.

Årsoverskot tillegges lagets/foretakets egenkapital.

§18. FOND

Det skal setjast av til reservefond inntil reservefondet saman med andelskapital utgjer like mykje som andelslaget si gjeld ved utgangen av rekneskapsåret. Inntil fondet har nådd den storleik som er fastsett i første ledd skal det setjast av eit beløp som svarar til 10% av overskotet kvart år for så vidt det ikkje går med til dekning av underskot frå tidlegare år som ikkje kan dekkjast av andre frie fond.

Reservefondet kan berre brukast til dekning av tap som ikkje kan dekkjast av andre frie fond. Er reservefondet større enn påbode, kan inntil 1/5 av det overskytande brukast til anna føremål enn nemnt i føregåande ledd.

§19. TVISTEMÅL

Oppstår det tvistemål mellom laget og sine medlemar, skal forlik prøvast ved ei meklingsnemnd på 3 medlemar, og av dei vel partane kvar sitt medlem mens nemnda sin leiar  vert oppnemnd av Fiskeridirektøren.

Dersom båe partar er samde om å la tvistemålet avgjerast ved valdgift, skal der gåast fram på same måten ved samansetjing av valdgiftsnemnd. Dersom forlik ikkje kjem i stand og partane ikkje blir samde om å la tvistemålet avgjerast med bindande verknad av valdgiftsnemnda, står det partane fritt å søkje tvistemålet avgjort ved vanleg rettargang.

§20. VEDTEKTSENDRING

Bridge i vedtektene kan gjerast berre av årsmøtet med 3/4 fleirtal av dei møtande. Vedtektene og bridge av vedtektene skal godkjennast av Fiskeri- og Kystdepartementet.

§21. OPPLØYSING AV LAGET/FORETAKET.

Spørsmålet om oppløysing av laget kan bare behandlast på ordinært årsmøte der minst 3/4 av representantane røyster for det, og at minst 2/3 av representantane er til stades. Møter ikkje så mange, vert nytt ekstraordinært årsmøte kalla i hop.

Får framlegget 2/3 fleirtal av dei møtande i nytt møte, vert laget å løyse opp. Årsmøtet nemner opp eit avviklingsstyre på 5 medlemer. Ved oppløysing av laget/foretaket skal nettoformuen avsettes til eit fond til fremme av fiskerinæringen innenfor lagets/foretakets distrikt. Avviklingsstyret si avgjerd treng godkjenning av departementet.

Om oppløysing gjeld elles kapittel 10 i Samvirkelova.

 

Hovedkontor i "Sjøhuset" (Tidl. Fiskevegnbygget) I MLY
Tlf: 57 85 59 50 - Faks: 57 85 59 51 - Adr: Postboks 83 , N-6701 Mly