Kystens framtid i nye Vestland

Publisert: av Kenneth Karlsen

Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer i september til konferansen «Kystens framtid i nye Vestland». Set av dagane 17. og 18. september og delta i Bremanger.

Det er i forbindelse med regionsreforma som trer i kraft 1. januar 2020 og overføringa av ansvaret for fiskerihamnene frå Kystverket til dei nye regionane at Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer til konferanse i Kalvåg i Bremanger kommune.

Stortingsmeldinga om kvotesystemet i fiskeria vil og vere på agendaen i løpet av dei to planlagte konferansedagane ved Iglandsvik Næringspark.

Dagleg leiar Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag seier målgruppa for konferansen er næring og næringsaktørar, samt forvaltninga og dei politiske miljøa.

– Vi både håpar og trur at konferansene skal ha appell i målgruppene og at det er interesse for å delta

om viktige utviklingstema, seier ho.

 

Møtefakta:

Påmeldingsfrist er sett til 31. juli.

Påmelding til Sogn og Fjordane Fiskarlag: [email protected]

 

Stad: Iglandsvik Næringspark, Kalvåg

Tid: 17. og 18. september med møtestart kl 13 og avslutning dagen etter kl 15.

  • Dagpakke inkludert overnatting: 1 250,
  • Middag: 900,-

Du finn invitasjonen her 

 

Siste nytt